INNOVER
Langt innover
i sjelelaga
der bileta ligg gøymt
er kraftkjelder
me berre anar
bot for det uforløyste
Me er like
men me skal ikkje like langt
Ferda blir styrt etter våre sinn
innsyn kjem etter
åndeleg brønnboring
Fyrst då kan kjelder springe
liv vakne
Liv Holtskog, 1981