© 2023 by Sasha Blake. Proudly created with Wix.com

KK-Trykk Lofoten

KK-Trykk Lofoten er ein grafisk verkstad der profesjonelle og amatørar kan trykkja handverksgrafikk i ulike teknikkar. Denne er ein del av Kunstkvarteret Lofoten ved Leknes. Kunstnaratelier og Artist in Residence.

Verkstaden har to djuptrykkspresser

 - 100 x 200 cm

-   70 x 150 cm

I tillegg har me ein storformat printer Epson 9000 som kan printa både foto og andre print på ulike papirkvalitetar.

I verkstaden blir det først og fremst satsa på miljøvennlege teknikkar, og det meste av utstyr og plater blir i det daglege arbeidet reinsa med matolje og eddik.

KK-Trykk skal inspirera til samtidsgrafikk der det tradisjonelle handverket kan kombinerast med det digitale,

og der eksperimentelle måtar å bruka desse på er vektlagt  framfor masseproduksjon og butikk.

Gjestekunstnarar på AiR-prosjekt har førsteprioritet i lokalene, men det blir også arrangert kurs i grafikk, og det går an å leiga verkstaden for kortare periodar. 

 

Ta kontakt på 92 61 16 35.